Visjon for Ytre Arna kyrkjelyd
Visjon for Ytre Arna kyrkjelyd

Ytre Arna kyrkjelyd har utarbeidd eit visjons- og verdidokument, som tek utgangspunkt i våre fire grunnverdiar:

  • Tilbe den levande Gud 
  • Vere eit tenande fellesskap
  • Lærer Jesus å kjenne og følgje han
  • Gje det vidare

Visjonsdokument for Ytre Arna kyrkjelyd

 

 

Motto

 

 

Søk først Guds rike

 

 

 

V

 

E

 

R

 

D

 

I

 

A

 

R

 

 

Tilbe den levande Gud

 

Vi vil

- tilbe og ære den levande og sanne Gud, i ord og gjerning, i heim, yrke og kyrkje

- glede oss over og ta vare på alt det vakre Faderen har skapt, fryde oss over frelsa i Jesus Kristus og ta i mot Andens gode gåver i våre liv og fellesskap

 

 

Vi verdset:

- Åndeleg liv og fellesskap i heim og kyrkje, i grupper, aktivitetar og samkomer

- Å lytte til Gud i Bibel, bøn og stille

- Å la våre liv vere ei teneste for Gud, 24/7/365

 

Jesus seier:

Du skal elska Herren, din Gud

 

 

Vere eit tenande fellesskap

 

Vi vil

- vere eit velsignande fellesskap som formidlar og er prega av Guds nåde og kjærleik

- vere eit inkluderande fellesskap som både små og store, nye og gamle, kan høyre til i

- vere eit utrustande fellesskap der vi får hjelp til å tene Gud og kvarandre med evner og nådegåver

 

 

Vi verdset:

- å møte kvarandre utan fordommar

- å samlast på tvers av generasjonar

- å tene kvarandre med nådegåver og utrustning

- å støtte alt som er til velsigning for Ytre Arna-samfunnet

- å lindre nød og leve grønt og enkelt

 

 

Jesus seier:

Du skal elska nesten din som deg sjølv

 

 

Lære Jesus å kjenne

og følgje han

 

 

Vi vil

- gje små og store bibelsk og utfordrande undervisning og opplæring i kristen tru og disippelskap.

 

Vi verdset:

- Trusopplæring for barn og unge i heim og kyrkje

- Deltaking på leir og i lagsarbeid

- Kontakt og samarbeid med barnehage og skule

- Disippelundervisning i gudsteneste og grupper

 

 

 

Jesus seier:

Følg meg!

 

 

Gi det vidare

 

Vi vil

- ta del i det store oppdraget Jesus gav til kyrkja: Å be og arbeide for at Guds rike skal ha framgang, både lokalt og globalt, til frelse for stadig nye menneske

 

 

Vi verdset:

- Det enkle vitnemålet om Jesus i våre liv

- Trufast gjevarteneste og forbønsteneste for misjon

 

 

Jesus seier:

De skal vera mine vitne

 

 

Oppdrag

 

Saman skal vi ære den treeinige Gud ved å

- forkynne Kristus

- byggje kyrkjelyden

- fremje rettferd