Diakon Marit Bjørsvik
Diakon Marit Bjørsvik

Diakon Marit Bjørsvik Har 25 % stilling i Ytre Arna og arbeider med asylsøkjarar og flyktningar. I vår har ho valt å ta permisjon frå stillinga ho har ved Haukås nærkirke for å konsentrera seg om flyktningarbeidet.

Diakon Marit Bjørsvik har 25% stilling her hjå oss i Ytre Arna. Ho brenn for flyktningar og asylsøkjarar, og me tykkjer ho gjer ein kjempeinnsats. Soknerådet har bestemt at ho skal bruka stillinga si på dette arbeidet. Dette er eit variert og tidkrevjande arbeid der ein ofte må tilpassa tida etter tilhøva. Asylsøkjarar og andre nye i landet møter mange praktiske utfordringar, der Marit ofte gjev ei hjelpande hand. Samtidig ynskjer ho å få gje dei det viktigaste av alt: Visa dei vegen til Jesus. Somme tider er det enkeltpersonar som må fylgjast opp. Andre gonger er det meir heile grupper.

I vår har Marit difor valt å ta permisjon frå stillinga ho har i Haukås nærkirke (50%) for å konsentrera seg om flyktningarbeidet. Dersom du vil støtta henne økonomisk, kan du senda gåva til Ytre Arna kyrkjelyd (kontonummer 3633 30 02625, Vipps: Ytre Arna kyrkjelyd, nr. 12191). I begge høve må du merka innbetalinga "Diakon Marit Bjørsvik" (elles hamnar pengane i driftsbudsjettet ). Takk!