Biskopen sin juleandakt
Biskopen sin juleandakt

Jula sin løyndom - for ikkje å seie jula sitt mysterium - er at Gud går inn i menneskekroppen. Det er dette vi kallar «inkarnasjonen» som betyr «å gå inn i kjøtet». Det er kanskje ikkje ei vakker formulering, men den er treffande. Når Gud lèt sonen sin bli menneske, skjer det ikkje i det høge og fjerne, men på golvet i ein snikkarverkstad i småbyen Nasaret.

Bildetekst: Christ in the House of His Parents ('The Carpenter's Shop') 1849-50; Sir John Everett Millais, Bt 1829-1896; Tate, Purchased with assistance from the Art Fund and various subscribers 1921; Photo: © Tate, London. 2017

Christ in the House of His Parents ('The Carpenter's Shop') 1849-50; Sir John Everett Millais, Bt 1829-1896; Tate, Purchased with assistance from the Art Fund and various subscribers 1921; Photo: © Tate, London. 2017

 

Gud i snikkarverkstaden

Jula sin løyndom - for ikkje å seie jula sitt mysterium - er at Gud går inn i menneskekroppen. Det er dette vi kallar «inkarnasjonen» som betyr «å gå inn i kjøtet». Det er kanskje ikkje ei vakker formulering, men den er treffande. Når Gud lèt sonen sin bli menneske, skjer det ikkje i det høge og fjerne, men på golvet i ein snikkarverkstad i småbyen Nasaret.

Dette biletet, som er malt av den engelske kunstnaren John Everett Millais i 1850 og heng i Tate Gallery i London, viser ein svært realistisk og nær scene frå denne verkstaden. Men her er det gøymt mange løyndomar.

På overflata ser vi at biletet framstiller Josef, Maria og Jesus - i tillegg til to arbeidsfolk og ein gut med eit vaskefat. Josef sine armar er sterke og med tydelege blodårer. Golvet er dekt av spon. Maria trøystar Jesus som har fått eit sår i handa frå ein av naglane som ligg på bordet. Utanfor vindauget ser vi ein saueflokk som kikkar inn.

Då biletet blei utstilt fyrste gongen, vekte dei sterke reaksjonar. Avisa The Times kalla det «opprørande» at kunstnaren framstilte Den heilage familien som vanlege og enkle folk, og detaljert framstilte dei støvete og skitne omgivnadene. Forfattaren Charles Dickens kritiserte at Jesus var malt som ein sutrete, raudhåra gut i pyjamas. Sjølvsagt visste både The Times og Charles Dickens at kyrkja trudde på Jesus som både sann Gud og sant menneske, men her blei det menneskelege likevel litt for menneskeleg.

Det var likevel ingen andre måtar å bli menneske på for Gud enn å gå heile vegen inn i det konkrete. Guds son landa midt i verda vår med alt det som følgjer med livet i kjøtet: blod, arbeid, støv, sveitte og husdyr. Jesus viser oss at ingenting menneskeleg, sjølv ikkje det aller lågaste og vanlege, er skjult eller framand for Gud. Det gjeld framleis. Guds son har delt livets vilkår og veit kven vi er. Vi treng difor ikkje bruke mange ord når vi ber, men kan nemne augneblinken vår for Jesus i tillit til at han veit kva den rommar.

Eg veit ikkje om dei som kritiserte biletet den gongen tok inn all symbolikken som er skjult i detaljane. Her kjem nemleg ein større, guddommeleg dimensjon til syne i det kvardagslege: Jesus har blod på handa, han er såra av ein av naglane på bordet, slik han seinare skal bli det på krossen. Langs veggen står ein stige, og på den sit ei due. Dua er symbolet på Den Heilage Ande som viste seg over Jesus då han blei døypt og Faderen si røyst lydde frå himmelen: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede.»

På veggen heng ein trekant. Den er ikkje berre eit verktøy, men også eit symbol for Treeininga: Faderen - Sonen - Den Heilage Ande. Guten som kjem inn med vaskefatet er Døyparen Johannes, ein slektning av Jesus. Og utanfor ventar sauene, eit symbol for oss, folket som treng Den gode hyrdingen.

Dette biletet fortel oss at Gud i Jesus er komen inn i den særdeles jordiske røynda vår, så nær som det er mogeleg. Det er det beste som har hendt verda vår. Det kan vi takke for denne jula. Eg ønskjer dykk alle ein god og velsigna julefest!

Halvor Nordhaug

Biskop i Bjørgvin