Temaserie våren 2018
Temaserie våren 2018

Den raude tråden gjennom Bibelen

Den store historia om Jesus, verda sin Frelsar, går som ein raud tråd gjennom alle bøkene i Bibelen. Vi kunne ha trekt fram mange stader, men har valt ut fem.

Den raude tråden gjennom Bibelen

Gjennom eit mangfald av forteljingar, forfattarar og stilartar går ein raud tråd frå første til siste side i Bibelen.

«Kor lite de skjønar, og kor seine de er til å tru alt det profetane har sagt! Måtte ikkje Messias lida dette og så gå inn til sin herlegdom?»  sa Jesus til Emmaus-vandrarane og gav  dei ein grundig bibeltime over heile Det gamle testamentet. Luk 24, 25-27

Den store historia om Jesus, verda sin Frelsar. går som en raud tråd gjennom alle bøkene i Bibelen. Vi kunne ha trekt fram mange stader , men har valt ut fem. (Opplegget er inspirert av Leir Numela: Bibelens røde tråd. Sambåndet, 2017)

Temaserien er eit samarbeid mellom Haugland indremisjon, Ytre Arna indremisjon og Ytre Arna kyrkjelyd. Det er òg cellegruppesamlingar i tilknyting til temasamlingane, oftast i veka etter samlinga. Dersom du ikkje er med i noka cellegruppe og har lyst til å delta i ei, kan du kontakta Eva Bognøy, tlf. 454 57 561 eller Ytre Arna kyrkjekontor 55 36 22 73.

 

 

Program:

Sundag 7.  januar kl. 11. Temagudsteneste i kyrkja.
Tale: Ingvar Fløysvik
Tema: I deg skal alle slekter velsignast (1 Mos 12,1-3)

Sundag 11 februar kl. 11. Tema i Ytre Arna bedehus.
Tale: Audun Hjellvik
Tema: Josef og Jesus (1 Mos 50,15-21)

Sundag 18. mars kl. 11 Temagudsteneste i kyrkja.
Tale: Ingvar Fløysvik
Tema: Salmane og Han som kjem (Salme 89)

Sundag 22. april kl. 11. Tema i Haugland bedehus.
Tale: Steinar Opheim
Tema: Her er meir (Matt 12,39-42)

Onsdag 23. mai  kl. 19. Tema i Ytre Arna bedehus
Tale: Atle Hetlebakke
Tema: Ordet om frelsa vart sendt til oss (Apg 13,14-41)